Kort fortalt

Mistillit til havforskarane

Krass kritikk frå Pelagisk Forening.

22.04.2016
(NPK): Pelagisk Forening, som er interesseorganisasjonen for fiskebåtreiarane, er sterkt misnøgde med til sildeforskinga til Havforskingsinstituttet.
I eit årsmøtevedtak kjem foreininga med sterk mistillit til bestandsforskinga til havforskarane, fortel
Det er særleg måten kartlegginga av sildebestanden blir gjort på fiskarane er misnøgde med. Fiskarane meiner forskarane i større grad burde ha gjort seg nytte av fangstdata frå fiskarane. Då trur dei tala til forskarane ville sett annleis ut.
No etterlyser fiskarane fleire forskingsmiljø til å driva bestandsforsking. På årsmøtet signaliserte administrerande direktør Vegar Johansen frå Sintef fiskeri og havbruk at dei er interessert i å diskutera saka.Forskingsdirektør Geir Huse ved Havforskingsinstituttet medgjev også at instituttet kan ha meir å henta frå opplysningane til fiskeflåten, men konstaterte likevel at partane står langt frå kvarandre.
– Det er sterke ord frå årsmøtet å uttrykkja «sterk mistillit». Alle er samde i at sildebestanden har gått ned i mengd. Spørsmålet er kor mykje, der er det store meiningsskilnader, sa forskingsdirektøren ifølgje avisa.

Publisert: 22.04.2016 15:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46