Kort fortalt

Mobiliserer mot Sandberg

Fleire partar samlar seg mot Sandbergs fiskeforslag

27.03.2017
NPK-NTB: – Kall det gjerne eit kystopprør, seier fiskeripolitisk talsperson i Troms Ap, Kari-Anne Opsal. Dei og fleire andre samlar seg mot avvikling av pliktsystemet.Ordførarar, fylkestingspolitikarar og næringsliv kjem saman i Tromsø 6. april til eit protestmøte mot fiskeriminister Per Sandbergs (Frp) forslag om å avvikle pliktsystemet for torsketrålarane, skriv Klassekampen.
Leveringsplikta består av tre ordningar som samla skal sikre aktivitet ved fiskemottaka i Nord-Noreg og hindre juks med kvotar og råstoff.
– Kall gjerne det vi set i gang for eit kystopprør. Det som skjer er svært alvorleg. Ein felles fiskeressurs blir privatisert og Nord-Noreg sit igjen med knappar og glansbilete, seier Opsal til avisa.
I stortingsmeldinga heiter det at systemet skal avviklast mot ei avkorting på 20 prosent av verdien på aktivitetspliktige torskekvotar.
– Det er svært vanskeleg å tru at fiskeriministeren får fleirtal på Stortinget, seier Arbeidarpartiets nestleiar Helga Pedersen.

Publisert: 27.03.2017 10:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42