(NPK-NTB): Full moms på elbilar vi halvere salet og gi ein auke i CO2-utsleppet frå nye bilar på rundt 60 prosent, bereknar forskarar på Transportøkonomisk institutt (TØI).
I dag er det 25 prosent moms på kjøp av bensin- og dieseldrivne bilar, medan elbilar er fritekne for både moms og eingongsavgift. Det har gitt resultat og i Noreg stod elbilar for over halvparten – 54,3 prosent – av nybilsalet i fjor.
Det set Noreg i ei særstilling i verda. På verdsbasis er marknadsdelen for elbilar på rundt 3 prosent.
Eit uttalt mål for regjeringa er at alle nye bilar som blir selde i Noreg frå 2025 skal vere nullutsleppsbilar.
Halvering av salet
Men om elbilane blir pålagde full moms, vil salet av slike bilar truleg bli omtrent halverte, og det gjennomsnittlege CO2-utsleppet frå nye bilar vil auke med rundt 60 prosent. Det slår forskarar ved Transportøkonomisk institutt fast i ein ny rapport om klimaeffekten for bilavgifter.
Forskarane Lasse Fridstrøm og Vegard Østli har analysert marknaden for nye personbilar i perioden 2003 til 2019 – meir enn to millionar bilkjøp.
På grunnlag av denne analysen har dei berekna korleis bilkjøparane ville reagere på mange ulike endringar i prisar, avgifter og teknologi.
Høgare inntekter – høgare utslepp
Full moms vil gi auka momsinntekter frå nye personbilar på rundt 7,6 milliardar kroner, og innbetalingane av eingongsavgift ville gå opp med snautt 3 milliardar, fordi fleire bilkjøparar ville velje avgiftsbelagde bensin- og dieselbilar, viser utrekningane.
Om ein nøyer seg med å leggje moms på den delen av prisen som overstig 600.000 kroner, slik Arbeidarpartiet har foreslått, blir svikten i elbilsalet anslått til å bli 3 til 4 prosent.
Auken i CO2-utslepp blir cirka 4 prosent og den auka momsinngangen blir berekna til rundt 2 milliardar i kroner, slår dei to TØI-forskarane fast.
(©NPK)
Publisert: 11.02.2021 09:00
Sist oppdatert: 14.02.2021 22:16





