NPK: Frå Buagrunnen i Romsdal til Røst i Lofoten går det eit jamt slør av vårgytande sild for tida.
Det har Havforskingsinstituttet funne ut, etter å ha vore med på tokt med ringnotbåten Kings Bay den siste veka. Båten er eitt av tre fiskefartøy som har blitt brukt til å rekne ut kor mykje norsk vårgytande sild det er langs kysten for tida, skriv NRK.
Ringnotbåten Eros frå Herøy er ein annan fiskebåt som har blitt brukt på toktet, som starta i Ålesund 13. februar. Fordi det er såpass tidleg, var det inga sild å sjå frå Stadt og nordover til Buagrunnen.
Tala frå dette toktet vil bli samla med tal frå eit nytt tokt som blir gjort i mai og fangstdata frå fisket i vinter. All denne informasjonen vil bli brukt til å rekne ut kvotar for det komande året.

Publisert: 21.02.2017 13:27
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42