NPK: Havforskingsinstituttet har funne rekordmange eittåringar av fiskearten tobis på toktet sitt, og gir derfor råd om eit høgt fangstuttak.
2016-årsklassen av tobis er den største som er observert sidan tobistoktet starta i 2005. I tillegg har bestanden relativt mange treåringar. Havforskingsinstituttet rår derfor til at årets tobiskvote kan aukast med 70.000 tonn, noko som tilseier ein totalkvote på 120.000 tonn.
Årets tobistokt vart avslutta 15. mai, og målingane viser at fjorårsklassen er den største som er observert i tokttidsserien. Kvoterådet på 120.000 tonn er det høgste rådet som er gitt for tobis sidan 2010.
Tobis vert stort sett brukt til produksjon av fiskemjøl og fiskeolje. Arten er også føde for torsk, kviting, hyse, sei, sild, makrell og ulike flyndreartar, i tillegg til lundefugl og andre sjøfuglar.

Publisert: 15.05.2017 13:53
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42