Kort fortalt

Nedgang for festspel

Dårlegaste bilettsal på mange år.

03.07.2017
NPK: Då Dei nynorske festspela vart arrangert for 26. gong første helga i juli, var det med det lågaste publikumstalet på fleire år. Færre arrangement og regn får skulda.
Fire dagar med både tropevarme og pøsregn viste igjen på besøket på nokre av festspelarrangementa. Regnet søndag bidrog nok til at mange heldt seg heime frå utandørsarrangementa. Mest besøkt var konserten med Stein Torleif Bjella torsdag kveld med 344 gjester. Det førebelse publikumstalet er 4044 og billettsalet er lågare enn budsjettert, opplyser Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

Publisert: 03.07.2017 18:18

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41