NPK: Ikkje sidan 80-talet har færre personar blitt skadde i sjøfartsulykker.
Vi må tilbake til 2009 før vi finn eit år med færre skipsulykker enn i 2016, og talet på personulykker har ikkje vore så lågt sidan 1988/1989.
Sjøfartsdirektoratet registrert 446 ulykker i 2016, mot 499 i 2015. Dei registrerte sju dødsfall, og 16 forlis i 2016, mot ni dødsfall og 22 forlis i 2015.
– Det er positivt at talet på ulykker går ned, og det blir jobba godt med dette både i næringa og i direktoratet. Gode rutinar for sikker drift reduserer risikoen for ulykker, seier sjøfartsdirektør Olav Akselsen i ei pressemelding.
Trass i nedgang totalt syner tala ein auke i talet på omkomne på mindre fiskefartøy. Fem av dødsfalla skjedde på fiskefartøy under 15 meter i 2016, mot berre eit dødsfall på liknande fartøy i 2015.
– Fiskefartøy er ei fartøygruppe der vi historisk sett har hatt mange dødsulykker, og vi prioriterer ulykkesførebyggjande arbeid retta mot fiskeflåten. Målet er at alle fiskarar skal komme seg trygt heim, seier Akselsen.
Grunnstøytingar utgjorde om lag 42 prosent av alle skipsulykkene i fjor, medan 15 prosent av ulykkene var kontaktskadar. Samanlikna med 2015 har talet grunnstøytingar auka noko, medan talet på kontaktskadar har blitt redusert.

(©NPK)
Publisert: 08.03.2017 13:46
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42