Kort fortalt

Nei til Norway Royal Salmon

Fullskala oppdrett av steril laks stoppa.

12.04.2016
(NPK-NTB): Norway Royal Salmon får ikkje sette i gang fullskalaproduksjon av steril laks. Mattilsynet meiner det vart gitt løyve for tidleg.
Børsverdien på selskapet fall 300 millionar kroner etter at det melde om «utfordringar» med å få godkjent den planlagte produksjonen, skriv Adresseavisen. For to år sidan fekk selskapet ni oppdrettskonsesjonar med vilkår om å bruke fisk som er sterilisert under trykk. Det skulle gi ein vekst på opptil 40 prosent for selskapet, men no må dei vente på veksten.
Mattilsynet er nemleg skeptisk til om fiskevelferden blir godt nok varetatt og har ikkje gitt den nødvendige dispensasjonen for å sette den sterile laksen ut i anlegga. Ei undersøking frå Havforskingsinstituttet viser at laks som er sterilisert med trykk er meir følsam for lågt oksygennivå og høg temperatur i vatnet. Laksen kan også få misdanningar på skjelettet.
Konsernsjef Charles Høstlund i Norway Royal Salmon seier at det er viktig for bransjen å komme i gang med slik oppdrett. Bakgrunnen for å bruke steril laks, er at rømt fisk ikkje skal kunne påverke villaksstammene.
– Vi har eit samarbeidsprosjekt med Havforskingsinstituttet, der hovudfokuset er overvaking av fiskevelferden. I vurderinga av forsøket har instituttet konkludert med at det er velferdsmessig forsvarleg, seier Høstlund. (©NPK)

Publisert: 12.04.2016 09:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47