Kort fortalt

Netthandel for 90 milliardar

Omsetnadsvekst for norske nettbutikkar.

17.07.2017
NPK-NTB: Tal frå 1.800 nettbutikkar i Noreg viser at omsetnaden har auka med 9,6 prosent i første halvår av 2017 samanlikna med same periode i fjor.
Tala kjem frå betalingstenesta DIBS, som har nettbutikkane som kunde.
– Dei norske nettbutikkane omset for meir og meir, og det strekar under at e-handelen er og blir ein skarp konkurrent til den fysiske detaljhandelen, seier Henrik Sandberg, sjef for bedriftsutvikling hos DIBS.
Selskapet gjev kvart år ut rapporten Norsk E-handel, der det blei rekna ut at det årlege forbruket til nordmenn i norske og utanlandske nettbutikkar var på 90 milliardar kroner.

Publisert: 17.07.2017 16:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41