Kort fortalt

NHO: Vi er over kneika

NHO spår moderat vekst.

27.06.2017
NPK-NTB: NHO ser ei rekke teikn til betring i norsk økonomi og nedjusterer anslaga sine for arbeidsløysa. Men den kommande veksten blir neppe meir enn 2 prosent.
I den kvartalsvise undersøkinga Næringslivets økonomibarometer stig stemninga blant NHOs medlemsbedrifter for femte kvartal på rad og er no den beste sidan 2011.
NHO viser til at verdiskapinga i fastlandsøkonomien auka med 0,5 prosent både fjerde kvartal i fjor og første kvartal i år. NHO trur BNP-auken for Fastlands-Noreg vil ende på 2,1 prosent i år og bli verande på 2,0 og 2,2 prosent dei kommande to åra.
NHO justerer ned sitt anslag for arbeidsløysa i år med eit halvt prosentpoeng og anslår at ho går ned frå 4,7 prosent i fjor til 4,3 prosent i år. Arbeidsløysa vil falle til 3,8 prosent om to år ifølgje kvartalsrapporten.

Publisert: 27.06.2017 13:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41