Kort fortalt

Nidobla breibandshastigheit

Men stor variasjon mellom fylka.

06.04.2017
(NPK-NTB): Hastigheita på breiband i Noreg har auka kraftig dei siste åtte åra, men forskjellane mellom fylka er framleis stor.
Gjennomsnittshastigheita på private faste breiband auka frå 5 Mbit/s i 4. kvartal 2008 til 47 Mbit/s i same kvartal 2016. Talet på breiband per hundre hushald har i same periode auka frå 68 til 84, viser (SSB).
Undersøkinga "Bruk av elektronikk i hushalda" viser at halvparten av befolkninga strøymde filmar og seriar i fjor.

Stabil auke

I 2010 auka gjennomsnittshastigheita med 15 prosent – frå 6 til 6,9 Mbit/s, mens den året etter auka med heile 65 prosent til 11,4 Mbit/s. 2014 var også eit sterkt år for breibandshastigheita, med ein auke på 54 prosent.
I 4. kvartal 2004 var det 604.000 private breibandabonnement i Noreg. Fire år seinare var talet 1.440 000. Frå slutten av 2008 til slutten av fjoråret har auken vore stabil på mellom 60.000 og 80.000 nye abonnement i året.
Ifølgje statistikk frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit vart fiber i 2015 den mest vanlege teknologien i privatmarknaden.

Raskast i Rogaland

Rogaland hadde høgast breibandshastigheit i 2008 og er framleis raskast i 2016. Med 59,1 Mbit/s i 4. kvartal 2016 var fylket 26 prosent raskare enn landsgjennomsnittet.
Østfold og Akershus har hatt størst vekst i breibandshastigheita sidan 2008. Hastigheita har meir enn tolvdobla seg, og dei to fylka har gått frå å liggje under landsgjennomsnittet til å liggje over.
Finnmark har hatt den svakaste hastigheitsutviklinga. Der har den seksdobla seg frå 4,3 Mbit/s til 25,9 Mbit/s. I fjor var hastigheita i fylket var 45 prosent lågare enn landsgjennomsnittet.

Publisert: 06.04.2017 10:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42