Kort fortalt

Nordisk samarbeid om spøkelsesfiske

Skal jakte tapte fiskereiskap.

15.06.2017
NPK: Fiskeridirektoratet er av Nordisk ministerråd peikt ut til å leie eit treårig prosjekt med å etablere eit kunnskaps- og formidlingsnettverk mellom nordiske land, knytt til reduksjon i tap av fiskereiskap, spøkelsesfiske og gjenvinning.
Prosjektet vart formelt etablert i mars, då vart også namnet «Clean Nordic Oceans» (CNO) funne på, opplyser Fiskeridirektoratet.
Danmark og Sverige deltar i prosjektleiinga med eigarskap i prosjektet. I dei andre nordiske landa vert det jobba med å knyte kontaktar for å etablere eit breitt og kunnskapsrikt nettverk gjennom prosjektet, som skal omfatte både kommersielt fiske og fritidsfiske.
– CNO skal ikkje sjølv utvikle nye løysingar, men skal vere ein kunnskapsbase gjennom nettverket for å utveksle erfaringar og dra nytte av løysingane og systema til kvarandre, seier prosjektleiar Gjermund Langedal ved utviklingsseksjonen i Fiskeridirektoratet.

Publisert: 15.06.2017 17:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41