Kort fortalt

Nordmenn sette reiserekord

Aldri før har nordmenn drege på fleire reiser i eige land i eit førstekvartal, ifølgje SSB.

26.05.2023

Talet på reiser til utlandet er på same nivå som før pandemien.

Nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at nordmenn drog på 6,9 millionar reiser i perioden januar til og med mars i år.

Dette svarer til ein auke på 23 prosent samanlikna med same periode i 2022 og er det høgaste talet på reiser som nokon gong er målte i reiseundersøkinga for eit første kvartal.

SSB skriv at det var auken i talet på reiser i Noreg som bidrog til rekorden. I perioden drog nordmenn på 5,5 millionar reiser i eige land, ein auke på 15,4 prosent samanlikna med 1. kvartal i fjor.

– Noregsferiane under pandemien ser ut til å ha gitt meirsmak hos mange nordmenn. Sjølv om reiserestriksjonane for lengst er borte, held vi fram med å reise i eige land som aldri før, seier seniorrådgivar Kristin Aasestad i SSB.

Publisert: 26.05.2023 08:59

Sist oppdatert: 26.05.2023 08:59

Mer om