Kort fortalt

Norled byggjer på Stord

Kontrakt på stor passasjerkatamaran.

12.12.2018
NPK: Oma Baatbyggeri AS og Norled AS har signert kontrakt om levering av ein 39 meter lang passasjerkatamaran med plass til 296 passasjerar.
Fartøyet skal leverast i mars 2020 og skal inn i ruta mellom Tromsø, Finnsnes og Harstad i Troms. Dette er det tredje av tre fartøy som Oma Baatbyggeri og Norled har signert kontrakt på i år, opplyser Norled i ei pressemelding.
Båttypen er ei vidareutvikling av passasjerkatamaranane som verftet har levert mange av til ulike norske reiarlag. Oppdraget og kontrakten på søsterskipa som blei signert i juli gir arbeid ved verftet på Stord i Hordaland ut mars 2020.
– Me har jobba tett med Oma Baatbyggeri i mange år, og veit at dei byggjer fartøy som er sikre og gir gode reiseopplevingar, seier viseadministrerande direktør Lars Jacob Engelsen i Norled.
I mai blei det klart at Norled vann den store anbodskontrakten for hurtigbåtsamband mellom Harstad og Tromsø frå 2020 til 2030.
– Som transportør spelar me ei nøkkelrolle i å utvikla nye og attraktive produkt. Føresetnaden for dette er gode fartøy, og det er vi trygge på at Oma leverer, seier Engelsen.

Publisert: 12.12.2018 13:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36