NPK-NTB: Selskapet Norpost, som distribuerer reklame og trykksaker, har kravd oppbod. Dei 800 tilsette kan likevel få behalde jobbane.
Administrerande direktør Geir Trygve Feltstykket seier til at selskapet ikkje hadde noko anna val. Bustyrar har derimot gitt beskjed om å halde fram drifta som vanleg, og ein vil prøve å få til ei overdraging av verksemda utan driftsstans, ifølgje Feltstykket.
Norpost prøvde i fjor å ta opp konkurransen med Posten etter at postmarknaden blei liberalisert. Men strategien lukkast ikkje og selskapet måtte sei opp 500 tilsette og pådrog seg gjeld. Selskapet har hovudkontor i Oslo og 21 regionkontor.
Norpost er underleverandør til selskapet Kvikkas, som fekk i oppdrag å levere lokalaviser på laurdagar rundt om i landet då Posten slutta å levere post på laurdagar. Men tusenvis av abonnentar fekk ikkje avisa sin etter omlegginga.

Publisert: 15.03.2017 21:53
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42