NPK-NTB: Norske menn lever stadig lengre. Men i forsiktige klyv. I fjor auka den forventa levealderen med eit kvart år. Norske menn kan dermed forvente å bli 80,6 år.
For norske kvinner er derimot levealderen omtrent uendra i 2016. Frå 2015 til 2016 auka den med forsiktige 0,02 år, viser tal frå SSB.
Men kvinnene har framleis eit forsprang på menn med 3,6 år og kan forvente å leve til dei blir 84,2 år gamle.
Går vi 100 år tilbake i tida var forventa levealder rundt 25 år lågare. Det kjem i særleg grad av høgare spedbarnsdødstal og mange dødsfall blant yngre eldre, særleg menn. I dag skjer dei aller fleste dødsfall i høgare alder, ifølgje SSB.
I 2016 døydde det 40.726 personar i Noreg. Av desse var 21.043 kvinner og 19.683 menn. Dette er omtrent same talet som året før. Vi må heilt tilbake til 1970-talet for å finne lågare dødstal.
Spedbarnsdødstala er no rekordlåge i Noreg. I 2016 var spedbarnsdødstala for begge kjønn 2,2 barn per 1.000 levandefødde. Dette er den lågaste delen som nokosinne er registrert i Noreg.

Publisert: 09.03.2017 09:51
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42