Kort fortalt

Norwegian best i ny kåring

Er beste lågprisselskapet.

20.06.2017
NPK: For tredje året på rad har flypassasjerar i inn- og utland kåra Norwegian til det beste lågprisselskapet på langdistanseruter.
– Det betyr svært mykje for alle oss i Norwegian å få desse prisane i år igjen, seier Norwegian-sjef Bjørn Kjos i ei pressemelding, ifylgje
Kjos rettar også ein stor takk til alle passasjerane våre over heile verda som har stemt på selskapet.
Det er den internasjonale ratingorganisasjonen Skytrax som står bak prisutdelinga, medan flypassasjerane sjølve evaluerer og stemmer fram vinnarane.
I tillegg til å bli kåra til det beste lågprisselskapet på langdistanseruter, hamna Norwegian også på topp som det beste lågprisselskapet i Europa for femte året på rad.
Qatar Airways blei kåra til det beste flyselskapet i verda.

Publisert: 20.06.2017 16:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41