NPK: Sintef skal på oppdrag frå Fiskeridirektoratet utvikle eit nytt app-basert meldesystem for tap av fiskereiskapar.
I dag må fiskarane melde frå på telefon til Kystvaktsentralen, men oppreinskingstokta som direktoratet har gjennomført langs kysten dei siste åra, tyder på at mange lèt det vere.
– Vi trur ein slik app kan vere ei god løysing for både fiskarane og forvaltinga, seier Gjermund Langedal i Fiskeridirektoratet.
Meldefunksjonen skal leggjast til i ein app for innmelding av fastståande fiskereiskap som Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond (FHF) har under utvikling. Den nye appen skal vere klar til sommaren, ifølgje fiskeriavisa .
Fiskeridirektoratet håper å kunne bruke tapsmeldingane som grunnlag for det årlege oppreinskingstoktet, som i år startar i midten av august.

Publisert: 05.04.2017 05:40
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42