Kort fortalt

Ny klagenemnd for konkurransesaker

Skal vere meir politisk uavhengig.

24.03.2017
NPK: Frå 1. april skal ei ny uavhengig klagenemnd behandle klager på vedtak som Konkurransetilsynet gjer.
Den nye Konkurranseklagenemnda blir klageinstans i staden for Nærings- og fiskeridepartementet og er meint å sikre ei meir politisk uavhengig handheving av konkurranselova, opplyser Nærings- og fiskeridepartementet. Det blir ikkje lenger høve til å klage direkte til departementet.
– Etablering av ei ny klageordning skal bidra til likebehandling i konkurransesaker. Når vi no opphevar moglegheitene for politisk omkamp i konkurransesaker, styrkjer vi òg Konkurransetilsynets rolle som handhevingsorgan, seier næringsminister Monica Mæland (H).
Domstolane skal elles behandle vedtak om gebyr direkte.

Publisert: 24.03.2017 14:19

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42