NPK: Vassverk som treng akutt hjelp, kan no ringja ein døgnopen krisetelefon og få hjelp.
– Vassverka er i stor grad flinke til å handtera små og store kriser, men viss det oppstår noko alvorleg, er det viktig å ha nokon ein kan få råd hos, seier direktør Toril Hofshagen i interesseorganisasjonen Norsk Vann BA, til
Organisasjonen Norsk vann representerer 370 kommunar og har vore pådrivar for den nye krisetelefonen.
Hofshagen peikar på at det er mykje uføresett som kan skje for dei som driv eit vassverk, og at uhellet ofte skjer på det minst passande tidspunktet.
– Det skal ikkje vera til hinder for å få råd, seier ho. Det er her den nye krisetelefonen kjem inn. Ved å ringja 21 07 88 88, kan norske vassverk koma i kontakt med fagpersonar som kan hjelpa dei å handtera krisesituasjonar.
Krisetelefonen er oppretta av Folkehelseinstituttet, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Mattilsynet og Norsk Vann.

Publisert: 07.03.2017 19:10
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42