(NPK): Ultralyd kan bli ein ny metode for oppdrettsnæringa for å bli kvitt lakselusa.
Det er verksemda Sonic Norway som har jobba med å få ultralyd til å ta knekken på larvane til lakselusa, fortel NRK. Ei eining blir senka ned i sjøen og lagar lyd som verken menneske eller laks kan høyre, men som irriterer lakselusa.
– Vi set ho like under havoverflata og fokuserer frå merdkanten og innover i merdane, seier leiar i Sonic Norway Gunnar Hemming til NRK.
Sjølv om prosjektet ikkje er blitt prøvd ut blant mange aktørar enno, lovar Hemming at fisken sjølv ikkje tar skade av ultralyd.
– Laksen blir ikkje skadd av det, og det har vi fått dokumentert. Vi har testa dette og fisk høyrer ikkje denne lyden, seier Hemming.
Ultralyd skal brukast når lakselusa er i eit tidleg stadium av livet for å få best mogleg effekt. Likevel trengst det meir forsking før ein kan konkludere at dette verkar.
– Vi har ikkje sikre tal. Men vi har klare indikasjonar, og vi har lært kva som ikkje fungerer. No skal vi finne ut korleis vi skal optimalisere effektiviteten, seier Hemming. (©NPK)

Publisert: 19.04.2016 10:50
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46