Kort fortalt

Ny rekord for oljefondet

Verdien av oljefondet passerte fredag ettermiddag 12.600 milliardar kron

19.11.2022

Tidlegare i år har verdien gått ned, men etter ny oppgang på børsane, endringar i kronekursen og tilførsel av oljepengar har verdien av fondet teke seg opp igjen, skriv E24.

Like før klokka 16 fredag var verdien 12.628 milliardar kroner, viser Noregs Banks eige teljeverk på nett.

– Ser du på verdsindeksen, som kanskje er mest relevant for oljefondet, så var han ned 25 prosent på det meste. No er han ned 17 prosent. Så den har komme mykje tilbake. Og i norske kroner er jo verdsindeksen berre ned fire prosent for året, på grunn av kroneeffekten, seier sjefstrateg Erik Bruce i Nordea Wealth Management.

Fondet har hatt negativ avkasting i alle dei tre kvartala i år til no. I andre kvartal var avkastinga minus heile 1.027 milliardar kroner. Staten er likevel venta å dra inn nær 1.200 milliardar kroner i år frå olje- og gassnæringa. Fondet har fått tilført til saman 662 milliardar kroner frå regjeringa så langt i år.

– Det kjem til å komme mykje pengar inn på fondet neste år. Mange har tru på at spesielt gassprisane held seg på eit høgt nivå. Med høg oljepris blir det bra tilsig også frå olje, seier Nordea-sjefstrategen.

Publisert: 19.11.2022 10:14

Sist oppdatert: 19.11.2022 10:15