Kort fortalt

Ny rekord for snøkrabben

Er aldri funnen lenger sør.

06.04.2016
(NPK): Det er funne snøkrabbe i Ramfjorden utanfor Tromsø og forskarane er svært overraska.
– Snøkrabben er jo ein arktisk art som vi tidlegare berre har sett aust i Barentshavet. Han har aldri tidlegare blitt funnen i fjordane, ikkje ein gong i Finnmark, seier førsteamanuensis i arktisk og marin biologi ved Universitetet i Tromsø, Einar Magnus Nilssen, til NRK.

Etter å ha oppdaga kongekrabbe i fjordar rundt Tromsø, har forskarane byrja setje teiner for å kartleggje krabbeartane i området. Tysdag hadde ein snøkrabbe på 600 gram forvilla seg inn i ei teine i Ramfjorden. Dette er truleg det sørlegaste dokumenterte funnet av snøkrabbe.
– Det er veldig spesielt. Funnet viser at krabbane kan gå inn i fjordane. Snøkrabben er ein kaldtvassart, og Ramfjorden er ein kald fjord, seier Nilssen, som understrekar at andre krabbeartar oftast vandrar i flokk, så snøkrabben dei fann på tysdag er neppe aleine. (©NPK)

Publisert: 06.04.2016 11:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47