Kort fortalt

Ny rentebotn i Lånekassen

Fastrentene i Lånekassen har aldri vore lågare.

08.04.2016
(NPK-NTB): Frå 1. mai vil fastrentesatsen for tre års bindingstid vere 1,569 prosent, for fem år 1,903 prosent og for ti år 2,550 prosent.
Også den flytande rentesatsen i Lånekassen er no på eit historisk botnnivå på under 2 prosent.
– Både tre og fem års fastrente vil frå 1. mai igjen vere lågare enn den flytande renta på 1,913 prosent, påpeikar Anne-Berit Herstad, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.
Samanlikna med nivået i dag fell alle fastrentene med cirka 0,1 prosentpoeng.
488.000 av tilbakebetalarane til Lånekassen har flytande rente på studielånet sitt, mens 147.400 har fast rente. (©NPK)

Publisert: 08.04.2016 10:18

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47