Nye tiltak mot daglegvarebransjen
Vestre er uroleg.
– Det er for få aktørar, og det er for vanskeleg for nye utfordrarar å etablere seg. Derfor vil vi sjå på fleire tiltak som skal bidra til betre utval og lågare prisar for forbrukarane, seier Vestre i ei pressemelding.
Eit av tiltaka handlar om å gi nye aktørar tilgang til attraktive butikklokale. Regjeringa meiner det har oppstått ein praksis der eigedomsselskap med tilknyting til dei store daglegvarekjedene, knyter føresegner til eigedommar for å hindre konkurrentar i å etablere seg.
– Derfor vil eg allereie før sommaren sende eit forslag på høyring om å regulere bruken til daglegvarekjedene av slike ordningar, seier Vestre.
Statsråden vil også ha ei utrgeiing om eigne merkevarer (EMV) i bransjen. Om EMV har flest positive eller negative verknader for konkurransen, og dermed prisar, utval og innovasjon i verdikjeda for mat, er omstridd, meiner Vestre.
– Det er viktig å vurdere kva verknad EMV har på konkurransesituasjonen, prisane og utvalet, før vi vurderer eventuelle reguleringar, konkluderer næringsministeren.
Vestre framhevar også forskjellane i prisane frå kvar enkelt leverandør til dei ulike daglegvarekjedene. Her har det vorte foreslått avgrensingar eller forbod mot forskjellar i innkjøpsprisar.
– Å forby prisdifferensiering er eit radikalt tiltak og kan få negative konsekvensar for matvareprisane. Derfor er det viktig at vi vurderer moglege tiltak nøye, seier statsråden.
I tillegg forslår Vestre å gi Konkurransetilsynet fleire verktøy for å handheve regelverket og sørgje for sunn konkurranse.
(©NPK)
Publisert: 10.05.2022 19:02
Sist oppdatert: 10.05.2022 19:07