Kort fortalt
Nytt fartøy til Atlantic Seafish
Har investert over 200 millionar.
16.04.2024
Fiskefartøyet Polarbris er bygd for å fiske torsk og annan kvitfisk med snurrevad og er også utrusta med fabrikk for behandling av snøkrabbe, som fartøyet også skal delta i fisket etter, skriv avisa Sunnmørsposten.
Det er reiarlaget Atlantic Seafish i Ålesund som har fått bygd båten, som nettopp er overlevert frå Karstensens Skibsværft i Danmark.
Fartøyet er 43,5 meter langt og skal ha eit mannskap på 14.
Atlantic Seafish er eigd av Kjell-Gunnar Hoddevik, Jonny Terje Aarvik og Jan-Ove Langeland.
Publisert: 16.04.2024 11:25
Sist oppdatert: 16.04.2024 11:25