Kort fortalt

Nytt hopp i sjømatreksporten

Laksen dreg kraftig opp.

07.06.2017
NPK-NTB: Noreg eksporterte omtrent like mykje sjømat til utlandet i mai i år som i fjor, men verdien auka med 13 prosent.
Totalt eksporterte Noreg 163.000 tonn sjømat for til saman 7,6 milliardar kroner i mai. Eksportverdien er 888 millionar kroner høgare enn i mai i fjor. Lakseprisen er mykje av årsaka til verdiauken.
– I mai var det vekst i eksporten for alle dei største kommersielle artane som laks, torsk, hyse og sei. Spesielt auka etterspørselen etter norsk laks i Asia. Det inneber at ein stadig større del av den norske laksen går til rått konsum. Lakseprisen var på 70 kroner per kilo i mai, noko som er den nest høgste prisen som er målt i år, seier analytikar Paul T. Aandahl i Noregs sjømatråd.
Hittil i år er det eksportert 1,1 milliardar tonn sjømat til ein verdi av 39 milliardar kroner. Eksportvolumet har auka med 3 prosent, mens verdiveksten er på 9 prosent (3,2 milliardar kroner).

Publisert: 07.06.2017 09:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41