Rem Wind foto Rem Offshore
LEVERT: Rem Offshore sitt nybygg er bygd ved Vard sitt Vietnam-verft og skal no segle til Europa til oppdrag. Foto: Rem Offshore
Kort fortalt

Nytt Rem-skip skal rett i arbeid

Vard leverte nybygg i god tid før leveringsdato.

Marius Rosbach
16.04.2024

Rem Offshore tok tysdag over sitt nye skip Rem Wind frå Vard, melder Herøy-reiarlaget på sosiale media.

Fartøyet er eit skreddarsydd konstruksjonsskip for havvindmarknaden, og er bygd ved Vung Tau-verftet til Vard i Vietnam

– Godt utført arbeid av Vard som leverer éin månad før tida, skriv Rem Offshore-sjef Lars Conradi Andersen på Linkedin.

Rem Wind skal no segle til Europa, der det skal ut i arbeid for den tyske energikjempen RWE.

Rem Wind er systerskip av Rem Power som blei levert frå Vard-verftet i Søviknes i fjor. Skipa er 85 meter lange og 19,5 meter breie.

Om bord er det ein rekke leveransar og nyvinningar frå den maritime klynga på Nordvestlandet.

Publisert: 16.04.2024 18:22

Sist oppdatert: 16.04.2024 18:53

Mer om