Rem Power dåp 1
RETT I ARBEID: Rem Power er eit spesialskip laga for å betene havvindparkar til havs. Fredag er det dåp ved Skansekaia i Ålesund. Etterspurnaden er høg og etter dåpen skal skipet rett i arbeid. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Døyper vindskip spekka med lokal teknologi

Alt frå propell- og brusystem, til krana og arbeidsbåten om bord på Rem Power, er nyvinningar.

Marius Rosbach
12.05.2023

Rem Offshore sitt nye vindskip som fredag blir døypt ved Skansekaia i Ålesund, er langt frå noko «samlebandprosjekt».

– Her er mykje nytt og avansert, og det aller meste er utvikla og produsert av den lokale leverandørindustrien, fortel prosjektleiar Vegard Grimstad i Rem til NETT NO.

Rem Power er det første reindyrka havvindskipet Herøy-reiarlaget får levert frå Vard, og det første skipet dei får i flåten som er skreddarsydd for denne marknaden heilt frå teiknebordet.

Det første skipet Rem Energy som dei fekk levert frå Kleven i 2021, var i utgangspunktet bygd med tanke på offshoremarknaden.

– Det kan vere utfordrande med pilotprosjekt og prototypar – men så er det også kjekt å kunne bruke så mange lokale leverandørar som er teknologidrivarar og får til gode løysingar, fortel Grimstad.

Christin Engh er gudmor for skipet og seremonien startar klokka 14.

Her er mykje nytt og avansert, og det aller meste er utvikla og produsert av den lokale leverandørindustrien
Vegard Grimstad

Har ønska lokale leverandørar
NETT NO fekk prosjektleiaren til å gi ei lita innføring om kva ein finn om bord det 85 meter lange og 19,5 meter breie skipet.

Det har vore eit poeng for reiarlaget å nytte lokale leverandørar – og dei kom med fleire ønsker til verftet om kva dei ønska seg om bord. Difor er det mellom anna Ekornes som har møblert skipet, som elles er innreia av Vard Accomodation.

– Det er blitt eit veldig godt skip. Kompetansen på Nordvestlandet er unik og det blir levert produkt av veldig høg kvalitet, er Grimstad sin konklusjon etter å ha vore med på prøveturar den siste veka.

Glenn gaasø vegard grimstad lars conradi andersen foto rem 11
REM-TRIO: Kaptein på Rem Power, Glenn Gaasø (f.v.), prosjektleiar Vegard Grimstad og reiarsjef Lars Conradi Andersen. Foto: Rem Offshore

Prototype-kran på akterdekk
Mellom prototypane om bord er ei heilelektrisk 3d-kompensert kran frå Seaonics, som vann Innovation of the Year-prisen på OSJ-messa i London i år.

Grimstad fortel at krana kan utføre 3d-kompenserte løft offshore på heile sju tonn.

Ved sidan av krana er det installert ein ny type gangveg frå Uptime, som gjer det mogleg å ta folk og utstyr tryggare mellom skip og installasjonar til havs.

– Både gangvegen og 3d-kran blir operert frå ein og same operatørstol på brua, fortel han.

Rem Power operatørstol bru Foto Marius
BRUA: Frå operatørstolen kan ein styre både krana frå Seaonics og gangvegen frå Uptime International. Foto: Marius Rosbach

Tek i bruk nytt bærekraftsystem
Sjølve brusystemet SeaQ frå Vard Electro blir óg teke i bruk for første gong om bord på eit vindskip på Rem Power.

Vidare har Vard Electro også installert løysingar, som gjer det mogleg å redusere forbruket av drivstoff. Det blir også installert på PSV-en Rem Commander som skal byggjast om i løpet av året.

Ei anna løysing som blir teke i bruk for første gong om bord på Rem Power, er eit nytt system frå Metizoft – som skal hjelpe reiarlaget til å oppfylle sokalla ESG-krav og måle klimaavtrykket til skipet i heile levetida.

Kongsberg maritime rim drive thruster foto marius 11
NY TYPE THRUSTER: Ein sokalla rim drive-thruster under testing ved Kongsberg Maritime. Vindskipa Rem-reiarlaget bygger hos Vard får det nye produktet om bord. Foto: Marius Rosbach

Ny type propellar frå Kongsberg
I skroget på vindskipet er det installert ei thrusterpakke og framdriftssystem frå Kongsberg Maritime.

– Både baug propellar og framdriftspropellane har «rim-drive» teknologi. Det vil seie at motoren er ein del av propelldysa, som gir minimalt tap, god respons og effektiv framdrift, fortel prosjektleiaren om propellane.

Dei sokalla «rim-drive»-thrusterane er mellom dei første som blir installert. Kongsberg trur dei utgjer ein vekstmarknad og opna i fjor ei ny produksjonslinje for thrusterane i Ulsteinvik.

Systemet for dynamisk posisjonering, kjem også frå den lokale utstyrsleverandøren.

Saman med thrusterpakka er det integrert ein funksjon som skal dempe rullinga i båten, samtidig som systemet skal halde skipet i ro på same posisjon.

– Dette har aldri blitt gjort med propellar før, så vi er rimeleg spente på å sjå resultatet, fortel Grimstad.

Rem Power Mare Safety foto Marius Rosbach
ARBEIDSBÅT: Ulstein-selskapet Mare Safety har spesialisert seg på arbeidsbåtar. Denne er først til å tilfredsstille dei komande utsleppskrava frå den internasjonale sjøfartsorganisasjonen IMO. Foto: Marius Rosbach

Første arbeidsbåt som oppfyller klimakrav
Som om ikkje det var nok, er også arbeidsbåten på skutesida ei nyvinning. Ulstein-selskapet Mare Safety har spesialisert seg på slike båtar og arbeidsbåten er den første som tilfredsstiller dei komande utsleppskrava frå den internasjonale sjøfartsorganisasjonen IMO.

– Dette har heller aldri vore gjort før, men Mare tok utfordringa på strak arm, fortel Grimstad.

Rem Power foto Rem Offshore 11
SØVIKA: Det 85 meter lange og 19,5 meter breie spesialskipet for offshore vind er bygd ved Vard Søviknes-verftet. Foto: Vard

Skipet har to Caterpillar dieselmotorar om bord og ei batteripakke frå Corvus. Saman med Vard har reiarlaget utvikle eit system for å utnytte batteriet mest mogleg – og tilpasse motorkrafta og bruken av drivstoff.

Grimstad fortel at skipet har to store tomme utstyrsrom under dekk der ein kan installere større batteripakkar, eller brenselceller når ladestasjonar, eller annan teknologi er tilgjengeleg.

På nyåret skal også Rem Power vere med å teste ut batterilading til havs i samband med eit forskingsprosjekt som både Rem Offshore, Vard og Seaonics tek del i.

Skal rett ut på oppdrag
Etterspurnaden er stor etter tilsvarande skip som Rem Offshore tek over fredag. Og etter dåpen skal skipet rett i arbeid.

Først til ein vindpark i Danmark, deretter til ein vindpark i Frankrike - før ei langtidskontrakt ved ein vindpark på Doggerbanken i Nordsjøen.

NETT NO har fleire gonger siste veka omtala optimismen kring havvindmarknaden i den maritime industrien. Meklarar meiner det skal byggast mange slike skip framover, og Rem Offshore er mellom dei som vil ha fleire skip i flåten.

Reiarlaget har allereie tinga eit skip nummer to, som er under bygging ved Vard sitt verft i Vietnam, i tillegg til at dei har opsjon på to skip til. Tysdag blei det óg kjent at Vard har sikra seg bygging av to vindskip for eit britisk selskap.

Publisert: 12.05.2023 11:22

Sist oppdatert: 12.05.2023 22:46

Mer om