(NPK-NTB): Det blir innført fleire ordningar som vil stimulere kommunane til samanslåing. Dette er ein del av avtalen som Høgre, Framstegspartiet og Venstre har inngått om kommunalt inntektssystem.
Blant anna blir det eit nytt tilskot til kommunar som går saman og utgjer sterkare tyngdepunkt i sin region.
Avtalen vart presentert på ein pressekonferanse torsdag ettermiddag.
– Med det nye inntektssystemet sikrar vi gode og likeverdige tenester i heile landet, samtidig som vi tilbyr fleire og saftigare gulrøter til kommunane som slår seg saman. Kommunar som sjølv vel å vere små, skal ikkje lenger lønnast for det, seier Helge André Njåstad, Framstegspartiets leiar av kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget.
Avtalen er i tråd med den retninga regjeringa foreslo i høyringsnotatet som vart sendt ut i desember, men forslaget er forbetra og forsterka, ifølgje partia som står bak.
André N. Skjelstad, kommunalpolitisk talsmann i Venstre, understrekar at partiet har fått til ein plan for lokalisering av statlege arbeidsplassar og flytting av makt til kommunane gjennom at forsøkskommunar får oppgåver frå Nav.
– Venstre har vore ein tydeleg forkjempar for ein kommunereform som skal gi sterkare lokaldemokrati, betre fagmiljø og betre tenester til folk. No får vi eit inntektssystem som byggjer oppunder dette målet. Vi får no eit inntektssystem med meir bruk av gulrot og mindre bruk av pisk, som stimulerer til fleire kommunesamanslåingar, seier Skjelstad. (©NPK)

Publisert: 21.04.2016 15:26
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46