NPK-NTB: No purrar skatteetaten på alle som ikkje har betalt årsavgifta.
Skatteetaten sende i februar i år ut 3,7 millionar krav om årsavgift til alle køyretøyeigarar, med betalingsfrist 20. mars. 289.000 krav er framleis ikkje betalt.
Sjølv om mange sluntrar unna, er det likevel færre som somlar i år enn i fjor. I år er det 7,64 prosent som ikkje har betalt årsavgifta innan fristen. I fjor var tilsvarande del 8,66 prosent, går det fram av ei pressemeldinga frå etaten.
Det er ikkje ubetydelege summer det er snakk om. I alt skuldar køyretøyeigarar staten 733 millionar kroner. Til saman gir årsavgifta staten nesten ti milliardar kroner i inntekter.
Dei som får purring har enten ikkje betalt årsavgift eller betalt avgifta for seint. I begge tilfelle må dei no betale tilleggsavgift.
Fristen for etternølarane er sett til 10. mai. Etter det er det ingen nåde. Då vil Statens innkrevjingssentral krevje inn ubetalte krav frå den som eigde bilen 1. januar i år. Det betyr at eigarar kan få tvungen trekk i lønn eller trygd.
Og til sist – dersom ikkje alle avgifter er betalt innan fristen på purringa, vil ein få vedtak om avskilting i juni. Bilen blir då avskilta ved kontroll.

Publisert: 03.05.2017 11:54
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42