– Alt er på vent og alt skiftar heile tida
Nils Petter Molvær trur ikkje livebransjen kjem tilbake til normalen med det første.
(NPK-NTB-Gitte Johannessen): – Alt er på vent og alt skiftar heile tida, seier Nils Petter Molvær om å turnere internasjonalt – samtidig som den fjerde koronabølgja skyl over landa.
Langevåg-artisten har akkurat gått tur med hunden denne kvelden han snakkar med NTB, medan han er ein snartur heimom Noreg. For han har verda som arbeidsplass, og ho har byrja å opne igjen – i alle fall i Europa.
– Akkurat det å spele er veldig ålreit. Det er fint å reise ut og spele. Folk er supersvoltne på levande musikk. Eg har spelt solokonsertar så vel som duokonsertar med Mino Cinélu, seier den verdskjende trompetisten og komponisten – som var alvorleg sjuk av korona i fjor og to gonger måtte leggjast inn på sjukehus.
Det er sjølve reisinga som tek på. Nils Petter Molvær tek seg rundt med munnbind, koronasertifikat og må stadig fylle ut ymse skjema. Det går færre direktefly, han synest å sjå underbemanning hos flyselskapa, og det er mange forseinkingar.
– Det å spele til slutt er ein premie!
– Eg gav opp
Han reiste ut først til Italia i juli. I august drog han rett frå soloppgangskonsert på Stupetårnet på Hamar og tok fly til Tyskland, der han spelte konsert same kveld.
– Ein prøver å få til ting, få reist ut og spelt, sidan det har vore så lite jobbar og store turnear har forsvunne. Vi som speler utanlands, får inga støtte eller tiltak. Eg gav det opp, eg orka ikkje å bruke energi på det, seier Molvær om støtteordningane som berre gjeld konsertar i Noreg.
Nils Petter Molvær trur ikkje vi kjem tilbake til normalen med det første.
– Vi skal til England no og spele på Ronnie Scotts. Der er det andre reglar som ikkje samsvarer med norske og europeiske reglar. Så kjem det ny bølgje og nye mutasjonar. Alt er veldig usikkert og på vent heile tida, og det slit, seier Molvær.
(saka held fram under)
Han seier han «er heldig», sidan han òg lagar musikk til film og teater. Han er mest bekymra for medmusikantane, som ofte er enkeltmannsføretak.
– Gutane og jentene på golvet, dei blir hardt ramma. Kulturdepartementet har vore flinke til å bruke pengar, men det er ting som ein bør kikke på i etterkant – på kvar pengane går: Går dei til musikarar – eller til agentar, managerar og dei store promotørane? undrar Molvær.
– Skulle spelt i Ålesund
Ikkje før har han svinga heimom i ei fin seinsommartid – der dei nye albuma hans «Stitches» har vorte sleppt til strålande kritikkar – før det snart ber ut igjen. Molvær skal gjere to dagar med intervju i Paris om utgivinga, spele med eit fransk band i same slengen, svinge bort til Firenze og gjere konsert med Mino Cinélu igjen. Så blir det eit knippe konsertar i Noreg, både på Tynset og Nesodden, Oslo, Bergen og Trondheim.
– Det gler eg meg til. Vi skulle spelt i Ålesund òg, men den måtte flyttast på grunn av korona, seier Molvær og legg til med eit lite sukk:
– Eg skulle ønske folk kunne ta ein for laget og gå og ta denne vaksinen. Nordmenn er flinke, men ute i Europa kjem eg stader kvar folk er heilt på bærtur og trur på konspirasjonsteoriar i sosiale medium.
No må han berre få øvd med bandet igjen, fortel han. Første øving måtte kansellerast då sjefen sjølv knakk saman i ryggen på flyplassen i Paris med det han kallar tannverk i ryggen. Molvær trong to timars behandling same dag som han kom heim, hos «ein fyr som prøver å rette opp ting».
– Eg er bandleiar
Nils Petter Molvær ser på musikk som ein type kommunikasjonsform, «på sitt beste eit kommunikasjonsmiddel langt heva over språk». På det nye albumet går samtalen føre seg med ei ny bandsamansetning:
Inn som gitarist kom Johan Lindström, som får Molvær-attesten «ein uvanleg musikalsk mann», for å spele med dei mangeårige våpendragarane til trompetisten, Erland Dahlen på trommer og Jo Berger Myhre på bass.
– Det er veldig viktig for meg at dei bidreg. Dei er med fordi dei er dei musikarane dei er. Meir og meir har eg vorte slik at alle kjem med ein idé som vi byggjer vidare saman. Det handlar om at eg ikkje treng å seie kva folk skal spele, og om samhaldet – kjensla av at du er med på å skape noko saman med andre, seier Molvær. Men legg til:
– Til sjuande og sist seier eg så nei om det er noko eg ikkje liker. Eg er bandleiar.
– Når det læt ålreit
Kvartetten spelte inn «Stitches» i juni i fjor, på ei veke på Ocean Sound i Giske. Men så vart Molvær «veldig sjuk» og råmaterialet vart liggjande. Etter kvart byrja han og banda å høyre gjennom ting.
– «Den låten var jævlig bra», sa vi. Og så viste det seg å vere lydprøven når vi skulle sjekke mikrofonane og linjene, ler han. Den vart med – i finpussa tilstand. Ferdigstilling skjedde både hos Jon Marius Aareskjold i studioet hans i Tromsø, og Helge Sten, Deathprod, var òg inne i biletet. Han seier han har lært å sleppe taket før han produserer i hel ein låt.
– Når klarer du å setje sluttstrek?
– Eit veldig godt spørsmål. Når ein føler at det læt ganske greitt. No læt det ålreit.
Typisk nok i desse koronapandemitidene må den store turneen med «Stitches» og originalbesetninga vente til 2022: Johan Lindström hadde nemleg for lenge sidan lova seg bort til Ane Bruns turné, som etter koronautsetjingar no blir ein realitet.
(©NPK)
Publisert: 04.09.2021 15:58
Sist oppdatert: 04.09.2021 18:09