Trips of norway tore aakre lene aakre nilsen 33
FAR OG DOTTER: Tore og Lene Aakre i familieselskapet Trips of Norway på jobb under pandemien ved innspelinga av Mission Impossible-filmen med Tom Cruise i hovudrolla. Foto: Marius Rosbach
Kort fortalt

Nær tredobling for Trips of Norway

Men Valderøy-selskapet fekk underskot på botnlinja.

Marius Rosbach
15.08.2023

Trips of Norway som har vekse på transportoppdrag for filmselskap på besøk i Norge, fekk rekordhøge inntekter i fjor.

Meir enn 17 millionar kroner i omsetning er nær ei tredobling frå året før, då selskapet hadde ei kraftig oppbremsing i kjølvatnet av eit godt år i 2020.

Lønnsemda fekk seg likevel ein knekk i fjor med eit underskot før skatt på nær 900.000 kroner (sjå tabell under).

Det er første gong den familieeigde bedrifta får minustal på botnlinja sidan oppstartsåret 2018.

Eigenkapitalen i selskapet blei difor svekka og var på drygt 600.000 kroner ved utgangen av 2022. Selskapet har ikkje langsiktig gjeld.

Giske-bedrifta hadde fem årsverk i arbeid i fjor.

Trips of Norway

Årsresultat (i mill kr)

2022

2021

Driftsinntekter

17,4

6,6

Driftsresultat

-0,6

0,4

Res. før skatt

-0,9

0,3

Publisert: 15.08.2023 16:17

Sist oppdatert: 15.08.2023 16:20

Mer om