Fornya bilflåten i kriseåret
Nytt rekordresultat for familiebedrifta som har spesialisert seg på vip-transport for filmbransjen. Og no har dei sikra eit nytt bein å stå på.
– Kjempehappy, er innehavar Tore Aakre sin reaksjon på korleis Trips of Noray på Valderøya løyste året då pandemien slo til.
2020-rekneskapen viser at bilane til selskapet for første gong køyrde inn meir enn ti millionar kroner i fjor (sjå tabell under).
Lønnsemda er også den beste nokon gong – og eit driftsresultat på 1,4 millionar, gir ein driftsmargin på solide 13 prosent.
Har jobba med fleire storfilmar
Trips of Norway har spesialisert seg på å skaffe vip-køyretøy og transport til filmproduksjonar. Familiebedrifta har vore involvert i mange av dei største innspelingane her til lands dei siste åra.
I fjor møtte NETT NO far og dotter – Tore og Lene Aakre då Mission Impossible-filmen ble spelt inn på Hellesylt, og det er ingen hemmelegheit at dei for tida er på oppdrag i Fosnavåg-området med innspelinga av filmen «Hanging Sun».
Tidlegare har dei jobba på fleire James Bond-innspelingar og Top Gear – mellom anna.
(saka held fram under)
Trips of Norway | ||
Årsresultat (i mill kr) | ||
2020 | 2019 | |
Driftsinntekter | 10,5 | 8,7 |
Driftsresultat | 1,4 | 0,7 |
Res. før skatt | 1,3 | 0,5 |
Franchise for stor leigebilkjede
Nyleg har Trips of Norway også inngått avtale om å bli franchisetakar for leigebilkjeda Europcar i Ålesund-regionen. Bilutleigefirmaet er det største i Europa og Tore Aakre er spent på kva dei kan få ut av samarbeidet.
– Det gir oss eit ekstra bein å stå på, og gir oss moglegheita til å tilpasse flåten vår med utleigeverksemda, fortel han.
I tillegg driv bedrifta med bubilutleige, bilvask og dekksal. Fordi dei har hatt mykje å gjere, har dei droppa bubilutleige.
– Med film er det gjerne slik at du anten har mykje inntekt, eller ingen inntekt i det heil. Dei andre delane av verksemda gir ei stabil omsetning i løpet av året, legg Aakre til.
Vil satse på elbilar
Målet er at dei i løpet av neste år, berre skal ha elbilar til utleige frå stasjonen til Trips of Norway i Ålesund sentrum. Kjeda har også utleigeavdelingar på Vigra lufthamn og ved Bertel O. Steen.
Også når det kjem til vip-bilane, vil dei skifte ut bensin- og dieselbilar med elbilar. Den første kjem til våren., fortel Aakre.
– Det er ein Mercedes EQS med 580 hestekrefter, firehjulstrekk og firehjulssving med rekkevidde på 780 kilometer, fortel han.
Bestilte nye bilar då pandemien kom
Aakre fortel at det var mindre filmoppdrag i fjor, enn året før. Men Mission Impossible-innspelinga bidrog godt til at om lag halve fjorårsomsetninga kom frå filmbransjen.
– Men vi såg utfordringa med å ha desse kostbare vip-bilane ståande på tunet, utan å bli brukt. Difor var vi kjappe til å bestille nye bilar – som det var lang leveringstid på, fortel Aakre.
I periodane det var heilt stilt, leverte dei inn dei «gamle» bilane, for å halde utgiftene nede.
– Vi har funne ein modell som fungerer for oss, og skiftar ut leigebilane ganske ofte. Etter maks 12 månader er det ut på bruktbilmarknaden – og der er dei ofte populære, kan Aakre fortelje.
Vip-bilane blir skifta meir etter kva timing som er rett i høve kostnader og anna.
Publisert: 12.10.2021 05:55
Sist oppdatert: 11.10.2021 18:28