Kraftig oppbremsing for familiebedrift
Klarte ikkje matche rekordår utan større filminnspelingar.
Trips of Norway har dei siste åra vekse mykje ved å løyse transportoppdrag for filmselskap på besøk i Norge.
Det første koronaåret 2020 blei berga av oppdraget med Mission Impossible-innspelinga. Tom Cruise-besøket mellom anna til Hellesylt, gjorde 2020 til eit rekordår for familiebedrifta på Valderøya.
Inntektsfall og mindre overskot
Utan at det vart planlagt nye filminnspelingar så lenge koronarestriksjonane strakk seg gjennom året, vart fjoråret var meir magert.
Også lønnsemda fekk ein knekk med berre kring ein tredel av overskotet, samanlikna med året før (sjå tabell under).
Trips of Norway | ||
Årsresultat (i mill kr) | ||
2021 | 2020 | |
Driftsinntekter | 6,6 | 10,5 |
Driftsresultat | 0,4 | 1,4 |
Res. før skatt | 0,3 | 1,3 |
Eigenkapitalen var på drygt 1,4 millionar ved utløpet av året, medan samla gjeld er på 7,2 millionar kroner. Tore Aakre eid alle aksjane i selskapet som involverer fleire av familiemedlemane.
Fleire bein å stå på
I tilllegg til spesialtenester som vip-køyretøy og transport til
filmproduksjonar. I løpet av fjoråret vart dei franchisetakar for
leigebilkjeda Europcar i Ålesund-regionen.
– Det gir oss eit ekstra bein å stå på, og gir oss moglegheita til å tilpasse flåten vår med utleigeverksemda, fortalde innehavar Tore Aakre til NETT NO i fjor sommar.
Til verksemda høyrer det også med bilvask og dekksal, medan familien tidlegare óg har dreve med bubilutleige.
Publisert: 19.08.2022 14:26
Sist oppdatert: 19.08.2022 14:37