Kort fortalt

Olje får mindre betydning

Skatteinntektene frå oljenæringa mindre viktige.

19.05.2017
NPK-NTB: I desember 2008 utgjorde petroleumsskatt 31,7 prosent av skatteinnbetalingane i Noreg. I april i år var delen nede i 6,5 prosent, ifølgje Stavanger Aftenblad.
Den samla skatteinntekta frå petroleumsutvinninga på norsk sokkel var i 2008 på 239,4 milliardar. I fjor var det tilsvarande talet 41,1 milliardar kroner, skriv Aftenbladet.
– Olje og gass spelar ei mindre viktig rolle i norsk økonomi no, seier Klaus Mohn, professor i petroleumsøkonomi ved Universitetet i Stavanger (UiS).
Nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at staten hittil i år har tatt inn 3 milliardar kroner meir i skatt enn i fjor på same tid, så norsk økonomi ser ut til å gå oppover, men ikkje takka vere oljeskattar, snarare tvert imot. Samanlikna med same periode i fjor har skatteinntektene frå petroleumsnæringa gått ned 4,7 milliardar.

Publisert: 19.05.2017 11:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42