Kort fortalt

Oljedirektoratet og Petroleumstilsynet byter namn

Blir til Sokkeldirektoratet og Havindustritilsynet.

04.09.2023

(NPK-NTB): Oljedirektoratet og Petroleumstilsynet byter namn. Namneendringane skal bidra til å sikre statlege arbeidsplassar i Stavanger og legg grunnen for fleire.

Oljedirektoratet blir Sokkeldirektoratet, og Petroleumstilsynet blir Havindustritilsynet, skriv Stavanger Aftenblad.

Det blir eit allmøte for dei 200 tilsette i Oljedirektoratet (OD) måndag formiddag. Etterpå skal statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) vidare til Petroleumstilsynet, skriv avisa.

– Statsministeren kjem for å fortelje ei nyheit og få ei omvisning, opplyser ODs kommunikasjonsdirektør Ola Anders Skauby.

Nyheita er ifølgje Stavanger Aftenblad at statlege arbeidsplassar knytt til forvaltninga av naturressursane våre til energiproduksjon skal leggjast til Stavanger også i framtida.

Når Oljedirektoratet blir til Sokkeldirektoratet, og Petroleumstilsynet blir til Havindustritilsynet, betyr det at kompetansemiljøet på Ullandhaug i Stavanger skal vidareutviklast.

Det er 200 arbeidsplassar i Oljedirektoratet i dag. Petroleumstilsynet har om lag 180 tilsette. Begge held til på Ullandhaug.

(©NPK)

Publisert: 04.09.2023 12:36

Sist oppdatert: 04.09.2023 12:36

Mer om