Kort fortalt

Oljemotstandarar organiserer seg

Vil ha lokallag i Rogaland.

19.04.2017
NPK-NTB: Folkeaksjonen Oljefritt Lofoten inviterer til stiftingsmøte for eit nytt lokallag i Stavanger, i hjarta av Olje-Noreg.
Organisasjonen er imot oljeleiting i Lofoten, Vesterålen og Senja, ofte omtalt som LoVeSe, og allereie før møtet i Stavanger i slutten av månaden, skal initiativtakarane i aksjon når Arbeidarpartiet samlar seg til landsmøte i helga. Dei trur Ap sitter på nøkkelen til vern i nord, skriv Stavanger Aftenblad.
– Arbeidarpartiet er vippepartiet. Derfor stiller vi sterkt på landsmøtet deira i Oslo i morgon, for å overtyde flest mogleg, seier leiar Hans Dahle Kvadsheim i Natur og Ungdom Rogaland og Jasmin Alimari i Naturvernstudentene i Stavanger. Etter ein svipptur til hovudstaden, skal dei fortsette oljekampen på heimebane, og det er inga enkel oppgåve,
– I oljehovudstaden møter vi sterkare motstand enn andre stadar, seier Kvadsheim.
– Samtidig ser vi tydeleg at engasjementet og motstanden mot oljeutvinning i Lofoten aukar, også i Rogaland. Det er på høg tid med eit eige lokallag, seier Alimari.
Naturvernforbundets leiar Silje Ask Lundberg og Wenche Cummings frå Folkeaksjonen er hovudinnleiarar på stiftingsmøtet på Sølvberget Kulturhus 27. april.

Publisert: 19.04.2017 08:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42