(NPK-NTB): Det vart produsert drygt 2 millionar fat olje, flytande naturgass og kondensat i gjennomsnitt per dag på norsk sokkel i mars. Oljeproduksjonen auka frå same månad i fjor.
Væskeproduksjonen i mars fordelte seg på 1.594.000 fat olje, 382.000 fat flytande naturgass (NGL) og 36.000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Det er ein nedgang på 51.000 fat – om lag 2,5 prosent – fra februar i år, ifølge førebelse tal frå .
For olje var produksjonen rundt 4 prosent høgare enn i mars i fjor. Produksjonen ligg også 0,5 prosent over Oljedirektoratets prognose for mars 2016.
Salet av gass var totalt 11,2 milliardar standard kubikkmeter (GSm3) i mars. Dette er 0,7 GSm3 meir enn i månaden før. (©NPK)

Publisert: 15.04.2016 10:12
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46