(NPK-NTB): Dei dårlege tidene i oljebransjen fører til at leiinga i Reinertsen AS ber tilsette gå ned 5 prosent i lønn. Lønnskuttet skal også gjelde leiinga.
Direktør Thomas Reinertsen seier til at dei er nøydde til å ta nye grep for å sikre bedrifta nye kontraktar og sikre arbeid til dei tilsette som er igjen i selskapet.
– Vi vil ikkje tvinge nokon ned i lønn, men det er noko vi foreslår saman med ei rad andre tiltak for å sikre arbeidsplassane, seier han.
Dei tilsette vart orienterte om forslaget tysdag. Dei må også innstille seg på at bedrifta må redusere pensjonsinnbetalingane.
Konkurrenten Aker Solutions innførte tidlegare i år eit mellombels lønnskutt på 10 prosent for seniorleiinga i forretningsområdet for vedlikehald, modifikasjonar og operasjonar (MMO) i Norge og 5 prosent for andre tilsette i MMO-området.
Ingeniørbedrifta Reinertsen har hovudkontor i Trondheim. Rundt 700 tilsette har hittil måtta forlate selskapet etter nedturen i oljebransjen. (©NPK)

Publisert: 13.04.2016 12:50
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47