Kort fortalt

Ombygging hos Aas Mek

Aas Mek. Verksted skal forlenge fiskebåt.

15.06.2017
Verftet i Vestnes startar arbeidet med å forlengje snurrevad/notbåten Einar Erlend i november i haust. Oppdragsgivar er Bodø-reiarlaget Einar Erlend as, som fekk båten overlevert frå Vestværftet i Danmark i mars 2014.
No skal den forlengast med med 4,2 meter, til 41,45 meter, i følgje ei pressemelding.
Prisen for utvidinga er ikkje opplyst.

Publisert: 15.06.2017 17:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41