Kort fortalt

Omorganiserer skatteetaten

Skattedirektoratet kan legge ned regionane.

06.03.2017
NPK-NTB: Finansdepartementet har gitt Skattedirektoratet i oppdrag å vurdere sin eigen organisasjonsstruktur. Eitt av alternativa kan bli nedlegging av regionane.
Skatteetaten er delt inn i fem regionar – nord, Midt-Noreg, vest, sør og aust – i tillegg til hovudkontoret Skattedirektoratet. Innan 4. april skal ein rapport med anbefalte endringar vere klar, skriv .
– Departementet forventar at moglegheitene for auka spesialisering, arbeidsdeling og heilskapleg virkemiddelbruk blir vurderte, heitte det i eit brev frå Finansdepartementet til skatteetaten då oppdraget vart gitt i februar i fjor.
–Eit scenario er at ein skal legge ned regionar og erstatte desse med nasjonale fagmiljø, noko som inneber at regionsjefane mest sannsynleg vil få nye oppgåver. Dei kan for eksempel få eit fagansvar på tvers av geografisk lokalisering, seier klubbleiar Ingrid Sølberg i Norsk Tjenestemannslags avdeling NTL Skatt.
Talet på skattekontor er allereie kraftig redusert frå 107 til 57, og nærmare 600 tilsette er direkte berørt av prosessen. Assisterande skattedirektør Nina Schanke Funnemark bekreftar at det blir jobba med ytterlegare endringar.
– Vi greier ut ny overordna organisering av skatteetaten. Vår kontorstruktur med 57 kontor ligg fast uavhengig av framtidig organisering. Vi legg opp til ei landsdekkjande oppgåveløysing, seier ho.

Publisert: 06.03.2017 11:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42