NPK-NTB: Omsetnaden i norsk industri har auka med 2,6 prosent, viser ferske tal frå Statistisk sentralbyrå. For industriproduksjonen er oppgangen svak.
Dei sesongjusterte tala frå for månadane februar til april viser at det særleg er oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri som trekkjer omsetnaden opp samanlikna med same tremånadersperiode i fjor. Her var auken på heile 13 prosent. Også metallindustrien og maskingreparasjon og installasjon bidrog til oppgangen.
Nokre industriområde gjekk likevel langt tyngre. Bygging av skip og oljeplattformer og dataindustri og elektrisk utstyrsindustri hadde eit omsetningsfall på høvesvis 4,4 og 2,8 prosent.
Frå mars til april var det ein omsetningsvekst på 1,3 prosent.
Når det gjeld industriproduksjonen, var det ein auke på 0,5 prosent, men ser ein berre frå månad til månad auka produksjonen med 1,6 prosent frå mars til april.
Produksjonsauken det siste året kjem av først og fremst ein vekst i foredling og konservering av fisk. Også innan oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri og i bygging av skip og oljeplattformer var det auke.
På den andre sida bidrog oljerelaterte næringar som maskin- og dataindustri og elektrisk utstyrsindustri til å dempe oppgangen i den samla industriproduksjonen. Produksjonen i petroleumsretta leverandørindustri fall med 1,4 prosent.

Publisert: 08.06.2017 09:45
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41