Kort fortalt

Opna straumkabel Noreg-Tyskland

Omstridd kabel opna torsdag.

27.05.2021

(NPK-NTB-Jonas Berge): Det norske og den tyske kraftmarknaden har vorte kopla saman, ved at den første straumkabelen mellom Noreg og Tyskland er opna.

Statsleiarane Erna Solberg og Angela Merkel stod for den offisielle opninga på torsdag.

Også olje- og energiminister Tina Bru (H) og den tyske nærings- og energiministeren Peter Altmaier deltok på den digitale markeringa som fann stad i Oslo og Berlin.

Statsminister Erna Solberg (H) sa at kabelen vil vere til nytte for både Noreg og Tyskland.

– Kabelen viser at Noreg og Tyskland står saman i vår tids store utfordring: omstillinga til eit lågutsleppssamfunn. Vi skal ha sikker tilgang til energi og samtidig nå ambisiøse klimamål. Denne utfordringa er global. Den må løysast på tvers av landegrenser, gjennom lovgiving og gjennom samarbeid, sa Solberg.

Nordlink-kabelen strekkjer seg 623 kilometer frå Tonstad i Agder til Wilster i Schleswig-Holstein. Av det er 516 kilometer sjøkabel.

Straumkabelen opna for ordinær drift i mars. Gjennom testperioden frå september i fjor har Noreg eksportert 1,3 terawattimar til ein verdi av 518 millionar kroner. I same periode har Noreg importert straum frå Tyskland til ein verdi av 150 millionar kroner, skriv Nationen.

Den største investeringa til Statnett
Nordlink er ein av Statnetts største investeringar nokon gong. Utbygginga er forventa å koste 20 milliardar kroner. Statnetts del er 50 prosent.

– Nordlink er eit stort og viktig prosjekt for eit klimanøytralt energisystem i framtida. Vi er stolte av å ha gjennomført dette prosjektet og med det å ha sett endå ein verdsrekord, har konsernsjef Hilde Tonne i Statnett tidlegare sagt.

Samarbeidet om eit straumsamband mellom Noreg og Tyskland starta opp i 2012. Tre år seinare byrja byggjearbeidet på norsk og tysk side.

Omstridd kabel
Straumkabelen er likevel omstridd, akkurat som dei planlagde kablane mellom Noreg og Storbritannia.

Entusiastane meiner kablane fremjar utveksling av fornybare kraftressursar mellom Noreg og Europa. Biletet som blir teikna, er at vasskrafta frå Noreg skal fylle på når det er lite vind- og solenergi tilgjengeleg, og at straumen går andre vegen når vinden og sola gir kraftoverskot.

Kritikarane meiner den auka overføringskapasiteten ikkje tener norske straumkundar som finansierer milliardutbyggingane gjennom nettleige.

(©NPK)

Publisert: 27.05.2021 13:14

Sist oppdatert: 27.05.2021 13:16

Mer om