Kort fortalt

Oppdrett tek opp meir areal

Kartlegging av Havforskingsinstituttet.

19.04.2022
(NPK-NTB): Norske oppdrettsmerdar blir større og har større avstand mellom kvar merd. Området anlegga bruker, er meir enn dobla dei siste 15 åra.

Det viser ei kartlegging Havforskingsinstituttet (HI) har gjort i samarbeid med Universitetet i Melbourne ved hjelp av satellittbilete mellom 2005 og 2020.

Undersøkingane viser at Noreg står for den største auken i totalareal som blir nytta ved kvart anlegg i perioden blant dei store oppdrettsnasjonane, med 221 prosent, tett følgd av Færøyane.

Gjennomsnittet for norske anlegg i 2020 var sju merdar på 43 meter i breidd/diameter rundt 520 meter frå land. I 2005 var talet på merdar det same, men dei var 23 meter i breidd/diameter og 460 meter frå land. Avstanden mellom kvar merd har på si side auka frå seks meter i snitt i 2005 til 37 meter i 2020.

Det er både fordelar og ulemper med større merdar, ifølgje HI-forskar Ole Folkedal.

– Vi ser auka bruk av større merdar både i Noreg og fleire andre stader. Større merdar gir òg lågare risiko for rømming, men konsekvensane av ei rømming kan bli større mellom anna fordi det er fleire fisk i kvar merd, seier han.

At anlegga samla sett blir større, betyr meir utslepp, påpeikar HI-forskarkollega Frode Oppedal.

– Når oppdrettsanlegga blir større, produserer dei meir utslepp, enkelt sagt meir fiskebæsj. Samtidig ser vi at anlegga blir flytta noko lengre frå land, og at merdane blir plasserte på meir utsette stader med meir bølgjer og straum. Det gjer at bæsjen blir spreidd meir og blir fordelt over eit havmiljø med større evne til å omsetje tilførte næringsaltar og organisk materiale, forklarer han.

(©NPK)

Publisert: 19.04.2022 17:04

Sist oppdatert: 19.04.2022 17:05

Mer om