NPK-NTB: NHO vil forby privatpersonar å kjøpe vaskehjelp frå selskap som ikkje er offentleg godkjente.
I dag gjeld eit slikt forbod berre for bedrifter og offentlege etatar, skriv NRK.
Denne ordninga tredde i kraft i 2012 og gjorde at alle reinhaldsverksemder måtte ha godkjenning av Arbeidstilsynet for å kunne drive lovleg. For bedrifter som kjøper reinhald, er det i dag krav om at dei må nytte reinhaldsverksemder som enten er godkjente eller har søknad om godkjenning til behandling. Tilsvarande krav gjeld per i dag ikkje for forbrukarar som kjøper reinhald, skriv Arbeids- og sosialdepartementet i ei pressemelding i samband med eit som vart sendt ut i vår.
Administrerande direktør Anne-Cecilie Kaltenborn i NHO Service meiner det er på tide at eit slikt forbod også skal gjelde for privatpersonar.
– Privatpersonar som kjøper reinhald i heimen, må vite om dei kjøper frå ei bedrift som har komme gjennom godkjenningsordninga eller ikkje, seier ho til NRK.
Kaltenborn trur ei slik godkjenningsordning i privatmarknaden vil gjere det mindre sosialt akseptert å kjøpe svarte reinhaldstenester privat.

Publisert: 13.07.2017 10:01
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41