NPK: Årsklassen av tobis i 2016 ser ut til å vere av dei sterkare, og det gir grunnlag for å auke kvoten for 2017, meiner Havforskingsinstituttet.
Det førebelse kvoterådet for tobis i den norske økonomiske sona er sett til 50.000 tonn, som er 10.000 tonn meir enn i fjor. Havforskarane kjem med eit endeleg kvoteråd etter å ha gjennomført eit nytt forskingstokt i mai.
– Det litt varsame uttaket i 2016 gjer at det står igjen ein god gytebiomasse i dei sørlege områda av den norske sona, mens bestanden i dei nordlegare områda, blant anna på Vikingbanken, er svært liten, skriv Havforskingsinstituttet.
Instituttet tilrår at det blir opna for tobisfiske i delar av dei nye forvaltingsområda for tobis heilt sør i den norske sona i perioden 15. april–23. juni.

Publisert: 16.02.2017 11:29
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42