Over 350 høyringssvar om lakseskatten
Mange er kritiske.
(NPK-NTB-Bibiana Piene): Over 350 kommunar, bedrifter, interesseorganisasjonar og personar har sendt inn svar i høyringa om grunnrenta for havbruksnæringa. Mange er kritiske.
Onsdag kveld, like før fristen gjekk ut, var det komme inn heile 351 høyringssvar.
Blant dei som har komme med innspela sine, er 73 kommunar og fylkeskommunar. I tillegg har eit tital lokale og regionale næringsråd og næringsalliansar sendt inn høyringssvar.
Om det høge talet innspel set ny rekord, er usikkert. Men no blir det jobba på spreng i Finansdepartementet for å gå gjennom alle høyringssvara.
– Vi er fornøgd med at det har komme mange innspel i høyringsrunden. Alle vil bli vurdert grundig av regjeringa før det blir lagt fram eit endeleg lovforslag for Stortinget, seier statssekretær Lars Vangen til NTB.
Forslaget skal komme før sommaren, men endeleg dato er ikkje klar. Den nye grunnrenta gjeld likevel frå 1. januar.
Les høyringssvara her (ekstern lenke)
Publisert: 05.01.2023 07:48
Sist oppdatert: 05.01.2023 07:51