Leverandørane ser mot utlandet
Høyringssvara om lakseskatten viser konsekvensane av ein heimemarknad som har stoppa opp.
Fleire høyringssvar er no kome inn til regjeringa sitt forslag om grunnrenteskatt for oppdrettsbransjen. Her skriv leverandørbedrifter som Cflow og MMC First Process at dei no rettar merksemda mot utlandet.
Årsaka er at marknaden her heime har stoppa opp etter forslaget blei lagt fram september i fjor.
Utstyrsleverandøren Cflow er allereie etablert i Chile der dei vil utvide. Dei vurderer samtidig prosjekt i andre delar av verda, etter det dei omtalar som «fullstendig tørke» i den norske marknaden.
MMC First Process skriv også i at dei søker nye marknader utomlands – og fryktar ei kollaps i leverandørnæringa om lakseskatten blir innført i den forma som regjeringa har føreslått.
Det er i utlandet veksten vil kome framover
– Handlar også om tapet av tillit
Per Helge Devold som er styreleiar i GATH-nettverket – ei
gruppe bedrifter i og kring oppdrettsbransjen – stadfestar at dette er
ei utvikling som gjeld fleire.
– Mange av medlemane våre er no tvungne til å sjå mot utlandet fordi investeringane og vilja til å satse i Norge, har stoppa opp. Det er i utlandet veksten vil kome framover, seier han til NETT NO.
– Det handlar også om tapet av tillit til regjeringa på grunn av måten det er gått fram på, og all usikkerheit som er skapt. Dette vil kunne gjere at investorar ikkje ønsker å satse i Norge, legg Devold til.
Han meiner politikken regjeringa har lagt på bordet ikkje rimar med målet om å fleirdoble produksjonen av norsk sjømat – og påpeiker at utviklinga i dag går i feil retning.
– Kjem ikkje nye investeringar
Fristen for høyringa om det som har utvikla seg til eit omstridd skatteforslag, gjekk ut onsdag.
Heilt sidan forslaget vart lagt fram har det kome krass kritikk – ikkje minst kring måten forslaget blei lag fram på. I høyringssvara påpeikast det som opplevast som manglande forståing for korleis leverandørindustrien langs hele kysten blir påverka.
– Alle i bransjen seier at innovasjonskrafta bremsar opp når det ikkje kjem nye investeringar og prosjekt. Då stoppar utviklinga i næringa heilt opp, seier Devold.
Både MMC First Process – der Devold også er marknadssjef – og Cflow ber om dagens forslag blir lagt i skuffen og at regjeringa innleiar dialog med bransjen.
Frå optimisme til fortviling
I høyringssvaret til MMC First Process blir det vist til
GATH-konferansen som blei arrangert i Ålesund i haust. Då var optimismen
stor og bransjen hadde forventingar til betydeleg vekst, slik regjeringa hadde som mål i Hurdalsplattforma.
Få veker etterpå var den gode stemninga bytta ut med fortviling over skatteforslaget.
«Det er utrolig og skremmende hvor fort man kan bryte ned en hel næring som har bygget seg opp over mange år», heter det i høyringssvaret.
Ålesund og fylkeskommunen seier nei
Eit lyspunkt for Devold sin del var at både Møre og Romsdal fylkeskommune og Ålesund kommune er kritiske til lakseskatten i sine innspel, etter at politikarane hadde besøk frå GATH-nettverket.
– Det viser at dialog og samarbeid mellom næringa og politikarane er viktig. Dei forstår no at det kan bli skikkeleg krise for regionen og at leverandørindustrien blir hardt ramma, seier han.
Les alle høyringssvara her (ekstern lenke)
E18/S3 Permitteringer og tapte kontrakter - kva skjer no?
Publisert: 05.01.2023 05:00
Sist oppdatert: 05.01.2023 09:00