Frank bakke jensen fiskeridirektor 27012022 foto vegard oen hatten fdir 2 S5 A0329 web
KRITISK: Fiskeridirektør Frank Bakke-Jensen er kritisk til ei rekke element i regjeringsforslaget til ny lakseskatt. Foto: Fiskeridirektoratet
Nytt

Fiskeridirektoratet kritiserer lakseskatten

Meiner forslaget er mangelfullt og etterlyser grunngjeving for skatteprosenten.

22.12.2022

(NPK-NTB-Gunnhild Hokholt Bjerve): Fiskeridirektoratet meiner forslaget til ny lakseskatt er mangelfullt og kan gi bedrifter ei uføreseieleg skatterekning.

I høyringssvaret signert fiskeridirektør Frank Bakke-Jensen peikar direktoratet på fleire svakheiter ved regjeringsforslaget til grunnrenteskatt for lakseoppdrettarar. Men direktoratet legg til grunn at skatten kjem og kjem med fleire forslag til forbetringar.

Høyringssvara er også omtalte av IntraFish og kyst.no.

Kritisk til botnfrådrag

Direktoratet meiner ordningane for å rapportere og kontrollere kor mykje laks som blir produsert må forbetrast for at skatten skal bli rett. Dei set også spørsmålsteikn ved ordninga med botnfrådrag som regjeringa legg opp til.

– Forslaget fører etter vår vurdering til låg grad av føreseielege forhold for selskapa, ved at selskap som ligg nær grensa for grunnrenteskatt ikkje vil vite om dei vil komme i slik skatteposisjon eller ikkje før etter berekningsåret, skriv direktoratet.

Regjeringa har lagt opp til eit botnfrådrag som skal skåne mindre selskap.

For mykje skatt totalt?
Direktoratet etterlyser også ei grunngiving for skattesatsen, som er sett til 40 prosent. Det er ikkje teke nok omsyn til kor mykje skatt bedriftene totalt sett må betale, meiner direktoratet.

Samtidig påpeikar dei på at nokre unntak og frådrag det er lagt opp til kan slå feil ut og føre til tapte skatteinntekter for staten.

Kritisk til normpris
Direktoratet påpeikar at det vil vere meir føreseieleg for selskapa om den faktiske salsprisen blir lagt til grunn, i staden for ein normpris.

Regjeringa har foreslått eit normprisråd, som skal fastsetje normprisar basert på dei reelle prisane, slik også oljenæringa har. Regjeringa fryktar at selskap som kjøper og sel laks internt, skal drive skatteplanlegging ved å setje prisane for lågt.

Næringa fryktar på si side at prisen som blir lagt til grunn, skal bli sett for høgt og ikkje tek omsyn til at ulik kvalitet på fisken gir ulik pris.

Høyringsfristen for lakseskatten er 4. januar, og Stortinget skal behandle forslaget til våren. Men regjeringa har foreslått at næringa må betale grunnrenteskatten ut frå produksjonen dei har frå og med 1. januar.

(©NPK)

Publisert: 22.12.2022 13:24

Sist oppdatert: 22.12.2022 13:31

Mer om